No på nynorsk!

12 kommentarer om “No på nynorsk!”

  1. Ein god ide. Det er først når du skriv nynorsk over ein tidsperiode at du kjem inn i det. Vanlegvis får vi nytte ordlista i alle samanhangar. Da eg tok mellomfag i norsk didaktikk var ordlista bannlyst, og eg fikk litt panikk. Heilt ugrunna. Etter ei tid gikk det av seg sjølv. Og så gjør det jo ikkje noe om ikkje alt blir heilt rett kvar gong. Det er nemleg ein skilnad mellom nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar. Dei som skriv bokmål held seg heile tida til dei normgitte reglane, men det gjør ikkje nynorskfolket. Eg synest dei gjør klokt i det, men samstundes irriterer det meg. Legg til dømes merke til kjende nynorskjournalistar, – dei skriv som dei sjølv vil. Der den nynorske språkføringa går hand i hand med dialekten deira, så brukar dei han, – passar det ikkje, så tyr dei til bokmålsvarianten. Det gir jo meg som norsklærar noko å tenkje på. Er det rett av meg å være knipsk på språket til elevane mine, når flotte skribentar tillet seg kva det skal vere? Og kvifor brukar eg ikkje nynorsk som hovudmål på skolen, – i alle fall i periodar. Tenk for ei hjelp det ville vore for elevane mine om eg skreiv på nynorsk både i norsk- og historietimane.
    Lukke til!

  2. Og kva seier han du bur saman med no da……?;-) Skreiv den gamle dama på nynorsk.
    En artig greie du har setter igang med! Sannsynligvis utviklende for språk og kreativitet.

  3. Burde du ikke lære rettskrivning på én målform først?

    anti-priacy-skit
    harddisc-plass

    Herlig blanding av skrivefeil og anglisismer 😉
    (Med mindre den første dreier seg om en sketsj, da blir det bare skrivefeil på engelsk.)

  4. Det aller beste tipset er å ha Fredrikstaddialekten på øyret, – da blir mykje rett. Men allereie i det eg skreiv her, stemde ikkje det. Vi seier jo «e dialekt – dialekta» i Fredrikstad, – men så er det altså hankjønn på nynorsk. Irriterande, synest eg. Og så diftongane da. Dei har vi jo ikkje hos oss, og da blir det veldig gale når vi må nytte dei på nynorsk. Manglande diftongar er jo noe av det viktigaste med dialekten/dialekta vår. Om du høyrer etter, vil du merke at mange har starta å nytte diftongar i eninskilde ord, og det undrar meg kva systemet i dette er. Mange av elevane mine seier «røyk» og ikkje «røk», «reinsdyr» og ikkje «rensdyr». Samstundes ville dei aldri snakke om «å leike» eller å bli «reine». Underleg. Interessant.

  5. Dette er ein kjempeide, men eg kom deg i forkjøpet! Eg har skrive alt på nynorsk sidan 12. mars, og sjølv om eg har verte mykje betre, har eg framleis ein del merkelege feil — ofte ikkje sånn at eg hoppar tilbake til bokmål, men heller at eg skriv ekstra diftongar og kjem med svenske ord i staden for nynorske.

    Mange, spesielt ungdommar, er veldig imot nynorsk, men eg trur det er mykje sånn som med matte: Dei høyrer at det er vanskeleg, og så berre aksepterer dei det og forhold seg til det som om det var det. Nynorsk er kjempeenkelt! Om ein skiftar ut «jeg» med «eg,» «ikke» med «ikkje,» legg eigendomspronomena etter objekta i staden for framfor, skriv «til dømes» i staden for «for eksempel» og legg til eit og anna NRK-ord som «vonbroten» eller «einskild» — så har ein kjempegod nynorsk! I alle fall nesten…

    Lykke til! Vi nynorskbrukarar må halde saman!

    (nynorsk-ordlista i Firefox hjelp mykje på, for øvrig…)

  6. Hæhæhæ, deilig. «Øving gjør meister», yeah right.. Føler du bør slutte med slikt jah, det blir ikke bedre enn dette ;:D

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s