Kjapp oppdatering

Eg har ikkje skrivi noko på ei stund, eg har nytta tida til å endre design på bloggen og sånne ting.
Eg trur det er få ting eg har fått så mykje reaksjonar på som freistnaden min på å skriva nynorsk.
Alt frå vener av meg som seier dei kjem til å nekte å lase bloggen min framover til entusiastar og norsklærere som hoppar i taket over ideen. “Kvifor ikkje ordentleg høgnorsk?” spurde faren min, mens han retta stavefeil. Eg skjønner at eg skriv dårleg nynorsk, og at eg akkurat har rota meg ut i ei verd der alle anten elsker eller hatar måten eg skriv på. Dei aller fleste hatar måten eg skriv på uansett, sidan eg skriv dårleg nynorsk. Same det.

Eg er heller ikkje aleine i nynorsk-konverteringa: Kamerat Tymi Gabrielsen er med i “bokmålsbrukarar som skriv dårleg nynorsk om dagen”-klubben.Men eg kjem til å bli bedre. Berre vent og sjå.

Elles: Eg er på påskeferie i Fredrikstad.
Eg har vore hjå tannlegen og det var ikkje noko gøy.
Eg har hatt besøk av Ellinor, (Katarina har skrivi ein inmari fin post om både henne og bloggen hennar)
Mamma har byrja å lesa bloggen min- så no må eg passe på kva eg skriv her (c;
Ho har laga si eigen blogg, også.
I det heile tatt er folk rundt meg bitt av blogg-basillen: Solveig har fått si eigen blogg ho også, der ho kan skrive om bæsj og alt anna ho tykker er stas.

Eg skal skrive noko lurt her snart, altså. Det er heilt sant.

Men nok for i kveld.

,

3 kommentarer til “Kjapp oppdatering”

  1. Som eg alt skreiv på facebook: du skriv veldig god nynorsk, tykkjer eg. Betre enn eg gjorde då eg bytte som 18-åring. Og framgangen er synleg frå det fyrste forsøket, og det syner berre at det ikkje skal mykje øving til.

    Du er i alle høve flinkare enn mor di 😉

  2. Eg lever stadig i den trua at eg er eldre enn deg, meir røynd i livets klungrigheter, og utan dømande fordomar. Men mi eige dotter fryktar mitt argusblikk. Det er ein konsekvens av informasjonssamhellet, globaliseringa….. med meir. Det er ikkje berre storebror som ser deg nå.
    Så ser eg at du er mykje betre i nynorsk enn meg. Tar gjerne korrigering på den frå deg.

Legg inn en kommentar

%d bloggere liker dette: