Meir nynorsk og ting som provoserer meg

Eg skriv nesten berre nynorsk om dagen. Eg prøver på eit vis. Eg sender tekstmeldingar på nynorsk, tek notatar på nynorsk, skriv hemmelege beskjedar til folk i timen og greier meg på fleire sett.

Likevel- eg har ei kjensle av å være mål-scizofren. Både fordi eg har ein god del vener som blir oppriktig provoserte og harme av nynorsken, og som eg difor tykker det er lurast å skrive bokmål til, og fordi bokmålet er over alt, på alle kantar. Eg skriv nynorsk og må heile tida svare på eit anna mål enn dei andre.

«Kvifor? Kvifor nynorsk?» seier syster mi sint. «Kvifor ikkje lære seg japansk i stedet?» Eg tenkjer eg kan trekke ei line til noko eg har spelt mykje; WoW. Det er mykje meir morosamt å levle opp noko du er godt i gang med. Det skal mindre til at eg får nok «språkpoeng» og lærer meg «ability-en nynorsk» enn det skal før eg lærer meg f.eks japansk. Målet mitt er å meistre båe målføre like bra- å kunne sjonglera fritt mellom dei. Eg hadde ein gong ein lærer som kunne skrive like godt med båe høgre og venstre hånd- slik vil eg ha det. To morsmål til meg, takk! Så eg levler opp. Og det går betre og betre for kvar dag.

Elles er det mange ting som gjer meg sur. Det er ei del ting eg berre ungår å gjere. Som å lese kommentarar på artiklar i nettavisar. Diverre er det ikkje alltid eg får det til. Willy Pedersen, professor i sosiologi ved UiO hadde ein god kronikk i Aftenposten for ei tid sida som eg ville lese igjen. Eg fann han på nett- og fekk bakoversveis. Pedersen skriv om ein undersøking han har gjort rundt voldtekt og meiner det er klare strukturar som ligg til grunn. Av utvalget av normale ungdommar han intervjuva, har 10% av jentene vore utsatt for overgrep. Overgriperen var nesten alltid ein som stod jenta nær. Ok. Ein skremmande, men god kronikk. Eg hadde lest han før. Problemet er alle kommentarane som står under. Eg må verkerleg slute å lese sånne, eg kjem til å daue av høgt blodtrykk lenge før tida. Eg blir provosert.

Såh: Siden Aftenposten lar dere registrere anonymt, skal eg i alle fall henge dykk ut så alle kan se kor utroleg teite ting dere meiner:

Ok- denne kan eg forvente meg. Eg er ikkje enig, men eg kunne forutsjå han:

«man må som jente kunne kle seg på en nøytral måte. Jeg ser til daglig jenter i oslo sentrum som ser ut som om de kommer direkte fra et bordell.
Når man er stup full samtidig som at man er tynnkledd nedentil, er veien kort for utlendinger med et negativt kvinnesyn
»

Slemme, svarte menn kjem og tar deg om du ikkje har burka på. Korleis den som har skrevet dette, klarer å få dette til å henge samen med argumentet om at dei fleste jenter voldas heime av nokon dei kjenner, aner eg ikkje. Kort sagt: Teit. Neste er likevel endå verre:

«Jeg mener at å sammenlikne «nachspielvoldtekter» og den type overfallsvoldtekter vi har sett den siste tiden blir som å sammenlikne butikknasking og NOKAS ranet.
Begge deler er ulovlig, men der slutter også likheten.
Dette betyr ikke at nachspielvoldtekter er OK, på ingen måte.
»

Hallo? Ei voldtekt er ikkje like ille om han skjer på eit nachspiel? Kor tar du det frå? Eg ser ikkje logikken. Er det mindre traumatisk om det skjer når du har ein kjensle av tryggleik fyrst? Det blir verre:

«Jeg tror de fleste jenter jeg kjenner har blitt utsatt for ett eller annet som kan kvalifisere til voldtekt.( i fylla, på nachspiel,sovnet i feil seng, ect) men kun en har tatt skade og hum ble overfalt på gata og voldtatt av våre nye landsmenn…»

Eg kan ikkje lese sånt, eg vil berre myrde nokon. Du trur folk har voldtatt venninna di, men at ho neppe tar skade av det? Kva gjer du med damer i fylla? Voldtar du dei og trur det er greit?

Nei, eg kan ikkje lese sånne kommentarar. Og eg håper inderleg at nettavisene byrjar å tvinge folk til å registrere seg før dei skriver i veg. Det er forskjell på «ein fri debatt» og muligheiten til å spy ut dumme ting uten å måtte stå ansvarleg. Hadde du som skreiv disse hårreisande greiene stått der med fullt navn kunne eg adressert aggresjonen min ein stad i alle fall.

4 kommentarer om “Meir nynorsk og ting som provoserer meg

  1. Fredriksstad Blad har også sånne anonyme innlegg på sidene sine. For en stund siden hadde de en sak i papirutgaven som vi hjemme bare visste at kom til å føre til mange fæle kommentarer. Vi sjekka nettet, – og det var til og med noen dagsreiser verre enn vi trodde. Enig: Ingen innlegg uten navn. Noen ganger har jeg selv tanker om verden som jeg tenker at jeg nok kunne fremmet hvis det kunne skje anonymt. Min neste tanke da er: Hold kjeft, Hege.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.