Om bloggkjærleik nær deg

9 thoughts on “Om bloggkjærleik nær deg”

  1. Det er så utruleg herleg at noko så enkelt som ein blogg der ein som tilfeldigvis er homofil bloggar, kan hjelpe nokon. slikt gjer meg skikkeleg glad, og eg er glad for at du skreiv om dette. skikkeleg herleg på ein regnfull sommardag! 🙂

    Dess fleire som kjem ut, uansett kor det er, dess betre blir situasjonen for alle andre homofile, og det er godt å tenkje på. 🙂

  2. At nokre homofile gutar bruker homofobi for å skjule legninga si er ikkje noko nytt. Eg er homofil og har, om ikkje vore open, vore ganske gjennomsiktig på det og hatt inntrykk av at det er noko «alle har visst» sidan åttande klasse. Ein av dei som plaga meg for å vere for feminin har i ettertid kome ut av skapet sjølv. Venene hans er no forkjemparar for homorettar.

    At bloggen til Lars Tangen inspirerer folk til å kome ut av skapet, er utruleg, ja, men ikkje herleg. Det er merkeleg. Eg las bloggen hans ein periode fordi han faktisk er litt flink til å skrive og det var som å lese ei utruleg rar bok om kvardagen til eit utruleg rart og annleis menneske. Men bloggen handla på ingen måte om å vere homofil, den handla om sjølvbruning, fastfood, Frp, den teite rektoren hans, kor mykje pengar han brukte på klede, Julia, venene hans, nynorsk, innvandring, den raudgrøne regjeringa og kor teit Molde er og kor mykje heller han vil bu i Oslo.

    Dei få innlegga som handla om å vere homofil, fekk meg til å slutte å lese bloggen hans. Dei provoserte meg grenselaust, for han skreiv alltid om homofile og heterofile gutar som to ulike rasar, og gjorde seg sjølv til maskot for den eine. På bloggen til Lars Tangen blei homofili likestilt med gutar som svelgjer den delen av skjønnheitskulturen som typisk er for jenter, med sminke, mote, shopping, sjølvbruning osv.. Eg, som på ingen måte er slik, blei av og til inkludert i formuleringar som «det finnes også noen homofile som er som helt vanlige, heterofile gutter». Det skreiv han faktisk.

    På bloggen hans handlar altså homofili om å vere annleis, å ikkje vere som «vanlige, heterofile gutter». Alt det Lars Tangen, og andre gaybloggarar, knyt saman med homofili aukar forventningane til homofile gutar i Noreg, og dei av oss som er «som vanlige, heterofile gutter» må betale prisen for det. Eg er ein «homo som ikke virker», og det er på ingen måte gøy.

    Hadde eg ikkje vore ute av skapet lenge før eg las bloggen til Lars Tangen, trur eg ikkje den hadde inspirert meg til å kome ut, heller til å halde meg inne litt til.

    1. Eg er til ei viss grad einig med deg, for eg har det same inntrykket som deg om denne bloggen, men samtidig har den i dette tilfellet vore til hjelp for nokon som var på veg ut av skapet, og det tykkjer eg er herleg. vi er alle, uansett om vi er homo eller ei, ulike, og det som hjelper for nokon, hjelper kanskje ikkje for nokon andre. 🙂

  3. Tilbaketråkk: PlacedelaMode
  4. Han er viktig fordi han får folk til å snakke om homofile. Mange konkluderer lett med at Lars Tangen sin stil ikke er noe for dem (med litt mer brutale ord), dernest kommer de gjerne med moteksempler på homofile de liker og har lettere for å akseptere. Dermed er ikke lenger problemet homofilien, men overfladiskheten, og den deler vi nå på alle mann.

  5. Først: takk for lenking – sånt er alltid hyggelig.

    Vegard: Du skriver at «På bloggen hans handlar altså homofili om å vere annleis, å ikkje vere som “vanlige, heterofile gutter”.» Jeg tror ikke noe på at det beste for menneskeheten er at kun akkurat passe «vanlige» og aksepterbare homser står fram i offentligheten. Jeg tror på at ulike homofile er åpne og viser at det går an å være homofil på ulike måter. Det er bra også for folk som ikke er homofile, fordi det kanskje til og med viser at det går an å være heterofil på ulike måter.

    La Lars Tangen være seg selv. Han kan inspirere andre – ikke nødvendigvis til å være som ham, men til å være seg selv de også.

    1. Nei, no tolkar du meg feil. Eg vil så klart at alle skal få vere akkurat slik dei er, det er ikkje det. Sjølvsagt må alle som vil snakke høgt om at dei er homofile få lov til å gjere det. Det har eg ikkje kritisert i det heile.

      Det eg har kritisert, er at Lars Tangen lagar eit skilje mellom dei homofile som er som han sjølv, altså «flaming fabulous homosexuals», som er den mest stereotypiske og parodierte homofile mannen, og sånne som meg, som han omtalar som «vanlege, akkurat som heterofile». Korleis skal eg takle deg? Eg er jo like mykje homofil som han, men likevel reduserer han legninga mi til å vere ubetydeleg fordi eg ikkje skil meg ut frå mengda. Fattar du at eg faktisk _ikkje_ er akseptert av mange (særskilt jenter og homofile gutar) fordi eg er for «streit»? Lars Tangen er med på å forsterke denne effekten. Ikkje fordi han er ein fabulous gay guy, men fordi han aktivt framstiller dette som normalen og «streite homsar» som avvik.

      Og at Lars Tangen skapar openheit og aksept for homofili kan så vere. Eg føler med diskriminert av han når eg blir nemnt som ein «vanleg, heterofil-aktig gut». Eg er òg homofil og har krav på dei same rettane som han, sjølv om eg ikkje tek solarium og bruker sminke.

      Eg nektar å gå med på at du skal kritisere meg for å ville at berre éin type homofile skal stå fram. Eg vil at _alle_ homofile skal stå fram og vise at homofile er ulike og mangfaldige og at det einaste alle saman har til felles er legninga. Men Lars Tangen gjer ikkje det, for han framstiller dei streit-aktige homofile gutane som avvik, og det er faktisk ikkje så gøy å vere eit avvik blant avvika. All form for openheit er bra, men all form for stigmatisering er ikkje bra. Eg er stigmatisert av Lars Tangen.

  6. Vegard: beklager at jeg tolket deg feil.

    Når det gjelder Lars Tangens syn på homofile, har jeg ikke helt samme inntrykk som deg – delvis, men ikke helt. For eksempel skriver han 28. juli: «Det disse menneskene ikke har innsett, er at alle mennesker er forskjellige og uttrykker seg på forskjellige måter, uavhengig av legning!»

    18. februar 2009 skrev han «Det er mange som tror at alle homofile er helt like. At alle homofile sminker seg, henger med jenter og hører på Britney. Dette er selvfølgelig helt feil. De aller fleste homofile er faktisk som »vanlige» heterofile gutter, og skiller seg ikke ut. Alle gutter som sminker seg er heller ikke homofile.
    Hvordan så mange mennesker i Norge kan ha gått glipp av å skjønne at alle mennesker er unike, skjønner jeg ikke.»

    Han er seg selv – men markerer også ofte at ikke alle andre homofile er akkurat som ham.

    Men jeg har ikke gjort noen grundig analyse av bloggen hans. Poenget mitt var (og er) at det at mange homofile etter hvert har blogger hvor de forteller om seg selv, gjør at mange får et mer nyansert bilde av hva homofili er.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s